Billig overnatting i Førde året rundt
– Tett på byen, tett på naturen!
Førde Gjestehus og Camping er det perfekte utgangspunktet for ein ferie full av action, spenning, fot- og fisketurar, og dei gode opplevingane. Hos oss finn du eit breitt utval av alle typar overnatting året rundt, frå enkle og billige rom med og utan kjøkken, til hytter og leilegheiter av høg standard og komfort. Du finn med andre ord eit tilbod for alle.
Våre samarbeidspartnarar i nærområdet tilbyr ei lang rekkje adrenalinfylte aktivitetar som passar for heile familien. Campingplassen er ligg om lag 200 meter frå E 39, til Førde sentrum er det ein spasertur på 2,5 kilometer. Rett ved ligg lakseelva Jølstra, noko som skaper ein unik atmosfære.
Vi ønskjer deg velkommen til eit varmt og opplevingsrikt opphald!
Alle våre gjester har tilgang på
Overnatting heile året
15 % sjukehusrabatt
Trådlaust internett
Leikeplass
Bading i elva Jølstra
Vill og vakker natur
20 min til Førde lufthamn, Bringeland
Gratis sykkelutleie
Fri parkeringsplass
12 km til Langeland Ski og Fritidssenter