Førde Gjestehus og Camping

– ein populær overnattingsstad i Sunnfjord

Førde Gjestehus og Camping er ein av dei mest besøkte overnattingsstadane i regionen. Gjestane våre er turistar, yrkesreisande og studentar m.m. Den sentrale plasseringa mellom by, fjord og fjell gjer at vi ligg midt mellom fleire store attraksjonar i Sogn og Fjordane. Campingplassen ligg tett ved fleire store kjøpesenter og sentralsjukehuset i Førde. Til handelshusa og dei andre butikkane i sentrum er det ein halvtime å gå. Vi tilbyr kort sagt billig overnatting med kort veg til det meste.

Viss du leitar etter billige møtelokaler eller selskapslokaler i rolege omgjevnader, så lønar det seg å kontakte oss. Anten det er eit lite selskap eller stort slektstreff du vil arrangere, så har vi dei fasilitetane du treng.

Resepsjon
Resepsjon, utside

Informasjon til Gjestar

Innsjekking:
Frå kl.15.00. Ved ankomst etter stengetid ver venleg å informer oss på førehand. Når resepsjonen er stengt er vi alltid tilgjengelege på vakttelefon 46806000.

Resepsjonen er open:
lavsesong: måndag til fredag kl 9.00 – 19.00.
Helg: 10.00 – 16.00
og høgsesong 9.00 – 22.00. Helg: 9.00 – 22.00

Utsjekking: Før kl.12.00 dersom ikkje noko anna er avtalt.

Betaling: Ved innsjekk- med kort eller kontant i resepsjonen. Fakturering kan avtalast med firma.

Utvask av hytter er ikkje inkl. i prisen, men kan kjøpast for kr. 380,- til 620,- (ikkje inkl. boss og oppvask) Evt. kan de vaske sjølv.
Ver venleg og les infoplakaten på hytta for meir informasjon.

Utvask rom/leilegheiter er inkl. i prisen (gjeld ikkje boss og oppvask).
Ver venleg å les infoplakaten i leilegheiten.

Vaskemaskin og tørketrommel er tilgjengeleg, ta kontakt med resepsjonen for å kjøpe vaskepolettar, pris per polett kr. 80,-.

Dyr er tillete på alle hyttene, men ikkje i leilegheiter og på rom,

Sengetøy /handkle (1 sett pr.person) er inkl. på rom og leilegheiter. På hyttene kan dette leigast for kr. 130- pr. sett, eller du kan ta det med sjølv. Informer oss om dette før ankomst.
Ved langtidsleige er det høve til å leige vasking og/eller skift av sengetøy underveis i opphaldet.

18 år er aldersgrensa for å leige hos oss.
Avbestilling:
Inntil 3 dagar før ankomst: ingen kostnader
1 – 2 dagar før ankomst: 50 % av totalpris
Ankomstdag eller gjest uteblitt: 100 % av totalpris