Aktivitetar og attraksjonar

Førde Gjestehus og Camping er eit perfekt utgangspunkt for ein ferie full av moro, spenning og gode opplevingar i Sunnfjord. Vår sentrale plassering mellom by, fjord og fjell gjer at du har kort veg til mange av dei største attraksjonane i denne naturskjøne delen av Vestlandet. Men her kan du også finne roen, anten på campingplassen, ved den majestetiske lakseelva Jølstra like ved, på fjelltur eller ved fjorden.

Den norske turistforeininga har laga ei god oversikt over dei mest populære turområda i regionen. Det finst også ei oversikt over kva som skjer i Førde her.

Kontakt oss i dag for meir informasjon

Opplevingsrike turar i nærområdet

Sunnfjord har ein fantastisk natur, og noko av det beste Noreg har å by for fotturistar, syklande og topptur-entusiastar. Dei som er glade i friluft og ein aktiv livsstil set stor pris på lange fjordarmar, høge fjell og fossar. Prøv den knalltøffe motbakken Hafstadfjellet opp i Førde. For den fiskeglade er elvane Jølstra, Gaula og Nausta uimotståelege, i tillegg til dei mange fjellvatna. Jostedalsbreen nasjonalpark, bremuséet og Den norske bokbyen ligg ein times køyring unna.

Spenning, fart og moro

Dersom spenning, fart og moro er meir i di gate, tilbyr våre samarbeidspartar ein heil rekkje tilbod som tilfredsstiller dei mest kresne av våre gjestar. Gokart, paintball, rafting og elvepadling er berre noko av det du og følgjet ditt kan være med på. Dersom du har spørsmål, eller ønskjer meir informasjon om kva aktivitetar som er i området, er det berre å kontakte oss. Vinterstid byr den mange fjella i området på tøffe toppturar.

Shopping

Mange kjem til Førde for å besøke det største handelssenteret i Sogn og Fjordane. Butikkane er mange, store og har det største utvalet i heile regionen av butikkar. Førde Gjestehus og Camping ligg veldig sentralt plassert i byen, samstundes som campingplassen er skjerma mot det stressande og trafikkerte bylivet. Det er kort gåavstand til matbutikk, kafé og fleire store spesialvarehus, og det er berre 2,5 km til Førde sentrum.

Inneaktivitetar

Skulle du være uheldig med vêret, og uteaktivitetar ikkje freistar, så har Førde ei rekkje tilbod for den som ynskjer å halde seg inne. Symjehallen i Førdehuset er ein populær plass heile året for både store og små. Vassklia på 38 meter, eige barnebasseng og badstova gjer dette til eit tilbod for heile familien. Av andre aktivitetar er Sunnfjordparken – vestlands største trampoline- og leikeland, bowling, kino og bibliotek populært, i tillegg til dei mange kultur- og idrettstilskipingane i Førdehuset.

Museum og galleri

Likar du kunst og kulturhistorie kan du velje mellom fleire museum i Førde og omland. Sogn og Fjordane Kunstmuseum i sentrum har ansvar for kring 4.000 kunstverk, og har løpande utstillingar. Frilufts- og folkemuseet Sunnfjord Museum ved Movatnet er ope heile året. Garden til kunstnaren Nikolai Astrup, Astruptunet, har gjeve motiv til mange av dei kjende måleria hans, og ligg ein halvtimes biltur frå campingplassen. I Jølster bør du også besøke Eikaas-museet og Jølstramuseet.

Mat og drikke

Etter ein lang og innhaldsrik dag er det godt å avslutte dagen med noko godt å ete og drikke. I hyttene og leilegheitene kan du lage mat sjølv, anten på kjøkkenet eller på utegrillen. Men vi forstår så vel om du heller vil ete ute. Då er det godt å vite at Førde ha ei rekkje ulike restaurantar og kaféar som tilfredstiller dei fleste smaksløkar og sansar. Spør betjeninga vår om meir informasjon og anbefalingar.