Konferanselokale, Bjørns lokale sett gjennom eit speil

Leige av møtelokale

Førde Gjestehus og Camping leiger ut billige lokaler til store og små samlingar i bedrifter, lag og organisasjonar. Konferanselokala i ulike storleikar rommar frå 20 til 180 personar. Romma er utstyrt med prosjektor, lydanlegg, konferansebord, flipover, whiteboard osv.

Om ønskjeleg kan kjøkkenet nyttast, og vi tilbyr catering gjennom vår lokale samarbeidspartnar. Treng du overnatting til deltakarane ordnar vi sjølvsagt dette til ein gunstig pris, og til større grupper kan vi tilby frukost.

Kurs og seminar

Skal du arrangere eit kurs eller seminar, så tilbyr Førde Gjestehus og Camping alt som trengst. Anten det gjeld eit dagskurs eller kurs over fleire dagar med overnatting, så har vi billige lokaler disposisjon for små og store grupper. Kontakt oss for eit skreddarsydd tilbod. Pris frå kr 95.- per person inkl. kaffi/te.

Blåtur og teambuilding

Førde Gjestehus og Camping er perfekt for blåturar og teambuilding. Våre samarbeidspartnarar tilbyr actionfylte aktivitetar og opplevingar medan følgjet bur hos oss. Vi byr på billig overnatting i komfortable hytter og leilegheiter. Kanskje freistar det med ei grillhytte nede ved elva Jølstra?

Møte i laget eller organisasjonen

Treng du lokaler til styremøte, årsmøte, klubbmøte eller liknande i organisasjonen eller lokallaget, så tilbyr Førde Gjestehus og Camping deg å leige billige møtelokaler med alt som trengs for eit vellukka møte. Kontakt oss for å få eit godt tilbod.

Teknisk utstyr i lokala

  • Møterom 2. etasje: Prosjektor, lerret, flipover, lydanlegg.
  • Peisestova: Prosjektor og lerret, lydanlegg.
  • Bjørns lokale: Prosjektor, lerret, trådlaus mikrofon og mygg. Inngang lydanlegg er HDMI, displayport, linjeinngang jack 3,5, RCA, USB.
  • Gratis trådlaust nettverk på heile området.
  • Vi tilbyr tilgang til kopimaskin.

Mat og drikke

• Kaffe, te og mineralvatn

• Fruktservering

• Høve til catering gjennom vår samarbeidspartnar