Camping
Sjølv om vi har mange overnattingsmoglegheiter her på Førde Gjestehus og Camping, er det sjølvsagt campingturistane som set størst preg på området. Vår sentrale plassering mellom dei store attraksjonane gjer at mange turistar vel å benytte Førde Camping som utgangspunkt for opplevingar i Sunnfjord.
Området vårt er godt egna til å ta imot små og store bilar/vogner og gjestane har valet mellom parkering med eller utan straum. Vi har sanitæranlegg med dusjar og wc, handikaptoalett m/dusj, eit kjøkken og eit vaskerom med vaskemaskiner og tørketrommel.
Dersom du ynskjer å sove i telt har me fleire isolerte plassar nede med elva for dei som føretrekk ein meir privat setting. Elva Jølstra renner rett gjennom campingplassen og skaper difor mange flotte overnattingsstadar for dei som ynskjer å sova i telt.
Prisar bubil/campingvogn
* Pris per natt.
- Oppstillingsplass utan straum440 NOK1. januar 2025 til 1. januar 2026
Straum kjøper du på strømstolpen via app «Power pay»
- Strømpris viss du ikkje har appen50 NOK
Maksdøgnpris 520 NOK
Straum kjøper du på strømstolpen via app «Power pay»
Dagsbesøk 175 NOK
Eit persontillegg på 60 norsker kroner per natt for grupper større enn 2 personar.
(Prisane justerast 1. januar kvart år).
* Pris per natt.
- Sykkel/MC m/telt350 NOK1. januar 2025 til 1. januar 2026
Eit persontillegg på 60 norsker kroner per natt for grupper større enn 2 personar.