Camping

Sjølv om vi har mange overnattingsmoglegheiter her på Førde Gjestehus og Camping, er det sjølvsagt campingturistane som set størst preg på området. Vår sentrale plassering mellom dei store attraksjonane gjer at mange turistar vel å benytte Førde Camping som utgangspunkt for opplevingar i Sunnfjord.

Området vårt er godt egna til å ta imot små og store bilar/vogner og gjestane har valet mellom parkering med eller utan straum. Vi har sanitæranlegg med dusjar og wc, handikaptoalett m/dusj, eit kjøkken og eit vaskerom med vaskemaskiner og tørketrommel.

Dersom du ynskjer å sove i telt har me fleire isolerte plassar nede med elva for dei som føretrekk ein meir privat setting. Elva Jølstra renner rett gjennom campingplassen og skaper difor mange flotte overnattingsstadar for dei som ynskjer å sova i telt.

Prisar bubil/campingvogn

* Pris per natt.

  • Oppstillingsplass
    505 NOK
    1. januar 2026 til 1. januar 2027

    2 personer

    m strøm

Maksdøgnpris 565 NOK

Hvis det ikkje er behov for strøm, ta kontakt med resepsjonen

Persontillegg  20,- NOK

Dagsbesøk 175 NOK

(Prisane justerast 1. januar kvart år).

Prisar telt

* Pris per natt.

  • Sykkel/MC/Bil m/telt
    370 NOK
    1. januar 2026 til 1. januar 2027

CamperClean

Automatisk tømming av toalettkassett

Alle kan benytte seg av vår automatiske tømme-stasjon for toalettkassett mot eit pristillegg, som betalast med kort ved automaten.

Når den er ferdig tømt og vaska,   doserer den med miljøvenleg middel slik at den er klar til bruk.

PowerPay

Nokre strømstolper har tilgang på PowerPay. Hvis ein ønsker det, ta kontakt med resepsjonen.

Dersom du ønsker straum kan du lage deg ein brukarkonto hos PowerPay. Dette må gjerast før du kjem. Med PowerPay betalar du berre for den straumen du faktisk brukar.

PowerPay krev BankID for å kunne legge til betalingskort første gong du skal ta det i bruk. Kortet må vere ope for netthandel. Det kan vere at du må slå av og på telefonen dersom du opplever utfordringar med å legge til betalingskort.

Sjå videoen for å sjå rettleiing til korleis du kan sette opp betaling med PowerPay.

Alle våre gjester har tilgang på

Trådlaust internett

Leikeplass

Bading i elva Jølstra

Vill og vakker natur

Overnatting heile året