Leilegheiter

Sjølv om vi i hovudsak er ein campingplass er vi er stolte av å kunne tilby våre gjestar moglegheita til å overnatte i hotellrom eller flotte ferieleiligheter.

I 2011 fullførte vi eit nybygg med 6 tre roms leiligheter, med flislagt bad, kjøkken med induksjonstopp/steikovn, kaffitraktar, oppvaskmaskin og mikrobølgjeomn. Stua er møbelert med ein skinnsofa som kan slås opp til ei dobbeltseng, eit stort spisebord, ein 40 tommers flatskjerm og breiband.

I samme bygget har vi også fire rom m/kjøkken, flislagt dusj/wc, tv og breiband. Alle fire romma har balkong.

Prisar

  • Leilegheit
    1705 NOK
    1. januar 2024 til 1. januar 2025.

    * Pris per natt for to personar

  • Rom med kjøkken
    995 NOK / 1315 NOK
    1. januar 2024 til 1. januar 2025.

    Pris for 1 person NOK 995,-. Pris for 2 personar NOK 1315,-.

* Eit persontillegg på 325 norsker kroner per natt for grupper større enn 2 personar. (Prisane justerast 1. mai kvart år). Utvask og sengetøy er inkludert i prisane. Leiligheitane har sovekapasitet til 6 personer totalt. Rom med kjøkken har sovekapasitet til 2 personar totalt.

Langtidsleige

Dersom du ynskjer langtidsleige av hytter og leilegheiter oppfordrar vi deg til å kontakte oss så snart som mogleg. Leilegheitene og hyttane er populære hos studentar og arbeidstakarar då dei har fasilitetar som imøtekjem dagens standard og meir til. Andre prisar gjeld for langtidsleige.

Frå leilegheit

Frå rom med kjøkken