6-mannshytter

6 personers hytter: 2 soverom (køyesenger på kvart soverom) + hems med to enkle senger (i tillegg sovesofa i stua).

Hytta har dyner og puter. Sengetøy kan du leige hos oss for 160,- per sett eller ta med deg.

Her er også privat toalett/dusj og kjøkken inkl. kjøleskap, kokeplater, komfyr, mikro, kaffitraktar og oppvaskmaskin.

Alle hyttene har flatskjerm TV og gratis trådlaust internett.

Dyr er tillatt ved forespørsel (spør før du bestiller).

Eit utvasktillegg kjem i tillegg på NOK 500,- dersom du ikkje ynsker å gjere dette sjølv.

Prisar

  • 6-mannshytte ( uten sengetøy og utvask)
    1800 NOK
    1. januar 2026 til 1. januar 2027.

Dersom det overnatter fleire enn det hytta er beregna for, kjem det med eit persontillegg på 250 norske kroner per ekstra person.

Leige sengetøy NOK 160,- pr person.

Eit utvasktillegg på NOK 500,-  kjem i tillegg, dersom du ikkje ynsker å gjere dette sjølv (ekstra gebyr for lenger opphold).

Langtidsleige

Dersom du ynskjer langtidsleige av hytter og leilegheiter oppfordrar vi deg til å kontakte oss så snart som råd er. Leilegheitene og hyttane er populære hos studentar og arbeidstakarar då dei har fasilitetar som imøtekjem dagens standard og meir til. Rabattar for langtidsleige gjeld allereie frå to netter.